vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdata- undersøking Gol 2017

Ungdata-undersøkinga i Gol 2017


Kort presentasjon av prosjektet



På oppdrag frå Gol kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo
og Akershus og Kompetansesenter rus – region sør (KoRus Sør) ei kartlegging av viktige sider
ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen. Undersøkinga gjennomførast på skulen ved
at ungdomane svarer på eit spørjeskjema via Internett. Undersøkinga går føre seg i veke 10 og
utover, og det tek om lag éin time å svare på alle spørsmåla. Ungdomane vel sjølve om dei vil
vere med på undersøkinga.
Kartlegginga vert gjennomført som ei Ungdata-undersøking. Dette er eit spørjeskjemaopplegg
som norske kommunar bruker for å skaffe seg oversikt over kvardagslivet til og folkehelsesituasjonen
blant ungdom i kommunen www.ungdata.no. Tilsvarande undersøkingar vert
gjennomførte ei rekke stadar i landet.


Hensikta med undersøkinga


Hensikta med undersøkinga er å få meir kunnskap om korleis det er å vere tenåring i Gol.
Resultata skal verte brukte som grunnlag for ungdomspolitikken i åra som kjem, og til å vurdere
satsingsområde i det førebyggjande ungdomsarbeidet. Målet er å skaffe til vegar informasjon
som kan verte brukt til å betre oppvekstmiljøet i kommunen.
Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med data frå tilsvarande
ungdomsundersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar. Data frå undersøkinga vil også
kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om
oppvekstvilkåra til ungdom.
Undersøkinga omfattar spørsmål om kva ungdom gjer på fritida, og kva slags oppfatningar dei
har om seg sjølve og andre. Undersøkinga vil gje svar på mange spørsmål: Kor fornøgde er
ungdom i Gol med livet sitt – og korleis likar dei seg på skulen, i fritida, saman med vennene
og i nærmiljøet? Kva bruker ungdom tida si til når dei ikkje er på skulen? Kor mange er med i
idrett og andre organiserte aktivitetar? Korleis opplever dei unge foreldra sine? Er det mange
som vert mobba av jamaldra? Kor mange av dei unge har erfaringar med alkohol, tobakk og
narkotika? Dette er eksempel på tema som undersøkinga dekker.


Spørjeskjemaet


Spørjeskjemaet er lagt opp slik at ungdomane skal krysse av på ulike svaralternativ. Følgjande
hovudtema inngår i undersøkinga:
1. Foreldre og vener
2. Skule og framtid
3. Fritid
4. Helse og trivsel
5. Tobakk og rusmiddel
6. Risikoåtferd og vald
Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Sør.


Personvernomsyn og etikk


Ungdomane deltek ved å logge seg inn på ei nettside med eit tilfeldig brukarnamn, som vert
utdelt til dei som skal vere med i undersøkinga. Det er ingen koplingar mellom brukarnamn og
kven som svarer, og det vert heller ikkje spurt om namn eller personnummer i sjølve
spørjeskjemaet. Brukarnamn vert brukte fordi det sikrar at berre dei som får lov til å vere med
på undersøkinga, kan delta, og at ingen svarer fleire gonger.
Det er elevane sjølve som avgjer om dei vil vere med eller ikkje, men føresette kan reservere
seg mot at deira barn deltek. Føresette som ikkje ønskjer at barnet deira skal delta, må seie frå
til skulen før undersøkinga vert gjennomført. For at undersøkinga skal ha størst mogleg verdi,
er det ein fordel at så mange som mogleg deltek.

Før undersøkinga vil alle føresette få tilsendt eit informasjonsbrev om undersøkinga. Ungdata
vil også informere om undersøkinga på heimesidene sine (www.ungdata.no), og skulane er også
oppmoda til å informere om undersøkinga på heimesidene sine.
De fleste spørsmåla i spørjeskjemaet omfattar tema som dei fleste synest er uproblematiske.
For nokre kan enkelte spørsmål likevel vere litt vanskelege å svare på. Det vert difor informert
om at ein kan hoppe over spørsmål ein ikkje ønskjer å svare på. Det vil også verte opplyst om
moglegheita til å ta kontakt med sosiallærar, helsesøster, helsestasjon for ungdom eller Kross
på halsen (hjelpetelefonen til Raudekrossen – tlf.: 800 333 21) dersom nokon ønskjer å snakke
med vaksne etter å ha svart på undersøkinga.

Alle svara vil verte handsama strengt fortruleg av NOVA, KoRus Sør medarbeidarar i Rambøll,
som legg til rette for den elektroniske undersøkinga. Ingen i kommunen, korkje lærarar, tilsette
i administrasjonen eller andre, vil få tilgang til svar som kan verte brukte til å identifisere kva
enkeltpersonar har svart. Resultata vil verte offentleggjorde gjennom statistikk som viser
korleis ungdomsgruppa som heilskap eller ulike undergrupper (f.eks. gutar og jenter) svarar.
NOVA er ansvarleg for undersøkinga og bruker Rambøll til å samle inn og oppbevare dataa for
analyse. Dei ferdige svara vil verte lagde inn i ein database som NOVA administrerer.


Kontaktinformasjon


Ved ytterlegare spørsmål om undersøkinga, ta kontakt med spesialkonsulent Rosanne
Kristiansen ved KoRus Sør (994 20 688 - rosanne.kristiansen@borgestadklinikken.no eller
kommunal kontaktperson for undersøkinga, folkehelsekoordinator Ingunn Håverstad
(40909256 - ingunn.haverstad@gol.kommune.no