vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot til å fjerne gamalt oljefyringsanlegg

Frå og med 2020 er det forbode å bruke olje til oppvarming av bustader. Søk Enova no for å få tilskot til fjerning av gamalt anlegg!

Dei tekniske sjefane i Hallingdal oppmodar innbyggjarar som har/har hatt oljefyringsanlegg om å søke om tilskot frå Enova i 2018.
Tilskotssummen vert halvert frå 2019, som er siste året før tilskotet heilt blir borte.
Frå og med 2020 er det forbode å bruke olje til oppvarming av bustader.

Enova - fjerning av oljefyr og oljetank

Kommunane skal føre tilsyn med at tankar som ikkje lenger er i bruk, er tømt og grave opp.

Meir info om reglane

Hallingdalskommunane vurderer å innføre likelydande lokal forskrift slik at reglane om å grave opp tankar som ikkje er i bruk, også gjeld for mindre nedgravne tankar. Grunngjevinga er at eit lite utslepp av olje kan ureine tusenvis av liter reint vatn.