vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

SMIL midlar

Frist for å søkje tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - 1. oktober.

Frist for å søkje tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er 1. oktober og 1. april kvart år. Ein kan søkje om støtte til tiltak for å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, t.d. rydding av beite og istandsetting av gamle bygningar, til gjennomføring av tiltak som tek vare på spesielle artar i kulturlandskapet eller til prosjekt som gjer kulturlandskapet meir tilgjengeleg for alle.
Det kan òg gjevast tilskot til gjennomføring av prosjekt for å redusere forureininga frå jordbruket. Omsøkt tiltak skal gå ut over det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Det er eige søknadsskjema for SMIL. Det er viktig å leggje ved kart, foto og kostnadsoverslag.
Søknadsskjema finn du på Statens landbruksforvaltning sine sider
Ferdig utfylt søknad med vedlegg sender du til kommunen der tiltaket skal gjennomførast.