vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Småjobben i Gol kommune

Småjobben i Gol

Småjobben i Gol er eit prosjekt som har til føremål å skaffe eldre og funksjonshemma hjelp med små oppgåver i dagleglivet – oppgåver som dei sjølve har problem med å meistre.

Og heldigvis finst det folk i bygda som er villige til å bruke litt tid til å hjelpe andre med slike små oppdrag! Den gruppa av hjelparar som har knytt seg til Småjobben i Gol, dekker då også eit vidt spekter av arbeidsoppgåver.

Oppdraga kan vere alt frå å skifte lyspærer til felling av mindre tre. Typiske oppgåver er hagearbeid, snørydding, syarbeid, vindusvask eller å fylgje til lege/tannlege/butikk.
Det er altså snakk om små arbeidsoppdrag som ingen andre har plikt til å ta seg av, og som er av ein slik karakter at ein ikkje går profesjonelle aktørar i næringa.

Betalinga for småjobbarbeidet er sett til 100 kr timen. I tillegg kjem eventuelle bilutgifter dersom det er behov for bilbruk i samband med oppdraget. Må småjobbaren stille med tyngre reiskap (plenklyppar, motorsag, vedkløyvar el.l.), skal også dette godtgjerast.
Betalinga skjer direkte mellom oppdragsgjevar og småjobbar.

Småjobben i Gol starta opp hausten 2016.

Småjobbsentralen held til i kommunale lokale vegg i vegg med Frivilligsentralen.
Det er frivillige som bemannar Småjobbsentralen. Dei sit telefonvakt to timar kvar dag dei tre fyrste dagane i veka.

Kommunen held altså hus, og har heile tida på alle vis støtta Småjobben i Gol.  Men bortsett frå det er dette prosjektet ikkje noko kommunalt opplegg.

For å få småjobbhjelp, må ein kontakte Småjobbsentralen.
Den har telefonnummer 408 01 968 og her er det folk å treffe kvar måndag, tysdag og onsdag mellom klokka 10 og 12.


Styret