vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kjernejournal

No kjem kjernejournalen til Buskerud

1. mars vil alle innbyggjarane i Buskerud, Telemark, Østfold og Vestfold samt Asker og Bærum få kjernejournal.
Kjernejournal er ein ny elektronisk løysning som samlar viktige helseopplysningar, og gjer dei tilgjengeleg for både innbyggjarane og helsepersonell.
Kjernejournalen skal sørgje for at fastlegen, helsepersonell på sjukehus, legevakt og spesialistar får tilgang til lik og oppdatert informasjon om pasienten. I situasjonsar der det hastar, kan rask tilgang til opplysningar gi betre behandling og i ytterste konsekvens redda liv.
For pasienten sjølv kan kjernejournal også bety betre innsikt i kva legemidler han eller ho skal bruke, og at ein kan leggje inn eigne registreringar om pårørande, sjukehistorie eller andre forhold av betydning for behandlinga.
Eit viktig formål med kjernejournalen er å unngå feilbehandling som følgje av manglande eller gale helseopplysningar.
Som innbyggjar finn du din kjernejournal ved å logge deg inn med din elektroniske ID på helsenorge.no. Alle innbyggjerane oppfordrast til å gjere seg kjent med sin kjernejournal, og legge inn relevante opplysningar.