vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Julafta for alle

Julafta for alle

Dette er eit gratis rusfritt arrangement som nokon lag og organisasjonar i Gol tilbyr for fjerde år på rad. Mange saknar nokon å væra saman med på julafta, det kan væra einsleg, par eller barnefamiliar. Målet med arrangementet er å gje mogelegheit til å feire kvelden saman med andre. For mange kan julafta væra den tyngste kvelden i året.

Tilbod om transport

Det er tilbod om transport til og frå arrangementet.
Det er moglegheiter for julegudsteneste i Herad kyrkje med transport til og frå. Kl. 14:30 - 15:15.

Program

Kl. 15:00     Dørane opnast og servering av gløgg
Kl. 16:00     Middag er ribbe og pinnekjøtt med tilbehør
Kl. 18:00     Gang rundt juletre, underhaldning og kanskje kjem nissen! Kaffe og kaker
Kl. 21:00     Vel heim

Påmelding

Påmelding skjer til Trond på Frivilligsentralen på telefon 97 00 35 09 , eller på epost frigol@online.no, og fristen er torsdag 21.12.

Onsdag 20.12 kl. 18:00 har me tilbod om ein "førjulskveld" for å bli kjent med dei du skal feire julafta med.