vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hytteundersøking for hyttegolingar

Gol kommune har i samarbeid med Hallingdal Næringshage og prosjektet «Second Homes» laga ei hytteundersøking for hyttegolingar i kommunen. I påska vart det sendt eit brev med informasjon og link til ei elektronisk undersøking til alle hyttegolingar.
Gol kommune oppfordrar på det høgste at alle hyttegolingar svarar på denne undersøkinga. Informasjon om korleis ein svarar finnast på det utsendte brevet sammen med kontaktinformasjon ved tekniske spørsmål.
Gol kommune ynskjer med denne undersøkinga å skaffe seg kunnskap og grunnlag for å gjera gode val for alle som oppheld seg i kommunen.