vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Adressenummerskilt

Adressenummerskiltet viser til den enkelte adkomst. Skiltet må plasserast tydelig. Dersom adresseobjektet ligg eit stykke frå vegen må det setjast opp skilt ved vegen. Ein bør ha eigne skilt på huset i tillegg. Er det fleire adresseobjekt må ein ha fleire skilt ved vegen og på huset. Unngå å setje opp skilt på portar og lignande som ikkje er synleg når dei er opne.

Vanligvis blir det brukt teksthøyde H = 105 mm og skilthøgde 150 mm. Skiltbredden varierer med siffer-antalet som brukast og skal vere 150 mm for 1-sifret tall, 220 mm for 2-sifret tall og 280 mm for 3-sifret tall.

Du kan bestille og kjøpe adressenummerskilt hos byggevareforretningar, jernvare og liknande type forretningar. Gol kommune tilrår å bruke skilt med refleksmateriale, slik at dei er lett lesbare, også i mørket.

Kartverket har informasjon om ansvaret for merking av vegar og bygningar på sine nettsider – kartverket.no.