Tilskot til økologisk landbruk

Tilskot til økologisk landbruk som vedkjem primærprodusentar er ein del av produksjonstilskotsordninga jf. Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. I regjeringserklæringa frå 7. oktober 2009, "Soria Moria II-erklæringen", er det ei målsetjing at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i Norge skal vere økologisk innan 2020.

Krav til søkjar
Tilskotsordningar
Omleggingstilskot
Arealtilskot
Søknad / søknadsfristar
Meir informasjon

Krav til søkjarar

For å søkje om økologisk tilskot må føretaket tilfredstille dei generelle krava til å søkje om produksjonstilskot. Sjå eige artikkel om produksjonstilskot. Tilskotet vert gjeve til føretak som disponerer husdyr og/eller areal når produksjonen skjer etter reglar i "Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter og næringsmidler". Husdyr og areal må inspiserast og godkjennast av Debio før tilskot kan utbetalast.

Tilskotsordningar

Tilskot til økologisk landbruk er delt i omleggingstilskot, arealtilskot og tilskot til økologisk husdyrproduksjon.

Omleggingstilskot

Vert gjeve til areal i karens med ein tilskotssats pr. dekar. Karenstid er tida frå påbegynt omlegging av ein produksjon til produksjonen kan godkjennast som økologisk drive. Arealet definerast i karenstida som karensareal. Karenstida varierer avhengig av vekst. Det vert ikkje gjeve omleggingstilskot til innmarksbeite. Det er eit krav at areal som det er gjeve omleggingstilskot til, må drivast økologisk i minst 3 år etter omlegging.

Arealtilskot

Er eit årleg tilskot til areal som Debio har klassifisert som omlagt til økologisk landbruk. Satsen pr. dekar varierer avhengig av vekst.

 er tilskot pr. dyr til føretak som driv økologisk husdyrproduksjon eller har starta omlegging til slik produksjon. Dette etter godkjenning av Debio.

Søknad / Søknadsfristar

Det er same søknadsfristar og søknadsskjema som søknad om produksjonstilskot:

Søknadsfrist 20. januar med registreringsdato 01.01. (husdyrtilskot)

Søknadsfrist 20. august med registreringsdato 31.07.(omleggings- , areal- og husdyrtilskot).

Merk! For å drive godkjent økologisk produksjon med rett til å bruke begrepet "økologisk", og for å kunne få produksjonstilskot for økologisk landbruksproduksjon, må ein vere tilknytt Debio si kontrollordning.

Her kan ein melde seg på heile året, men for å vere sikra inspeksjon og godkjenning i det året ein ønskjer å starte opp må innmelding til Debio gjerast innan utgangen av juni.

Meir informasjon

 Dei ulike tilskotsordningane er definert i jordbruksavtala og i rettleiingsheftet som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang (produksjonstilskot).

Alle reglar om kor mykje tilskot kvar enkelt søkjar har rett på, slik som tilskotssatsar, soner og definisjonar av husdyrslag og vekstgrupper, går fram av jordbruksavtala, og står også i rettleiingsheftet. Rettleiingsheftet saman med søknadsskjema vert sendt direkte til alle som søkte om produksjonstilskot forrige søknadsomgang.

Heile jordbruksavtala finst på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider om jordbruksoppgjeret. 

Ønskjer du meir opplysningar om økologisk landbruk så ta kontakt med Næringsavdelinga eller forsøksringen.   

 

 

Publisert
27.11.2007
Sist endra
27.01.2011
Publisert av
ws

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Næringsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Tlf. 32 02 90 00
Fax 32 02 90 00

Her kan du sende e-post til kommunen