Tidlegpensjon for jordbrukarar
Tidligpensjonsordninga skal vere med på å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Føremålet er å bidra til tidligare generasjonsskifte og gjennom dette stimulere rekrutteringa.
Kven kan søkje?
Einbrukarpensjon / tobrukarpensjon
Søknad / søknadsskjema
Utbetaling
Kven kan søkje?
Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år kan søkje tidligpensjon. For å ha rett til tidligpensjon er det bestemte krav til inntekt i ei referanseperiode på 5 år. Dette gjeld både næringsinntekt frå bruket og anna inntekt.
Referanseperioden er 5 samanhengande år der siste år er 2 år attende i tid i forhold til søknadsåret. Det er også blant føresetnadene at bruket er overdrege til ny eigar. Ny eiger kan ikkje vere ektefelle/sambuar.
Einbrukarpensjon/tobrukarpensjon
Tidligpensjon kan ytast som einbrukarpensjon eller tobrukarpensjon. Storleiken på tidlegpensjonen vert fastsett i jordbruksoppgjøret. For 2008 og 2009 er pensjonen sett til inntil kr 100.000 per år for einbrukarpensjon og inntil kr 160.000 per år for tobrukarpensjon.
Den som mottek tidlegpensjon kan ha ubegrensa med lønnsinntekt og næringsinntekt frå annan verksemd i tillegg til tidlegpensjon, men kan ikkje ha næringsinntekt frå jordbruksføretaket.
Søknad/søknadsskjema
Søknad om tidligpensjon må skrivast på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning. Skjemaet kan ein og få på Servicetorget.
Søknad om tidlegpensjon skal sendast til kommunen. Kommunen kontrollerer søknaden og vidaresender til fylkesmannen som avgjer søknaden.
Førehandssøknad kan også sendast. Ved innvilga førehandssøknad vert det gjeve ei stadfesting på at tidlegpensjon vert utbetalt når manglande vilkår er oppfylt (t.d. sal av landbrukseigedom). Stadfestinga er gyldig i 6 månader.
Utbetaling
Pensjonen vert utbetalt kvartalsvis frå Statens landbruksforvaltning.