Bustønad

Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning for deg med låg inntekt og som har problem med å betale buutgiftene. Med dei nye reglane for bustønad frå 1. juli 2009 auka både grensa for kor mykje ein kan tene og maksimum beløp ein kan få utbetalt. Samtidig vart ein del krav i ordninga fjerna. Dette gjer at fleire enn tidlegare vil ha rett til bustønad.
Alle over 18 år kan få bustønad. For studentar utan barn og personar i fyrstegangsteneste gjeld eigne reglar då desse har andre ordningar for stønad til bolig. Du kan søkja bustønad til bolig du leige eller eig. Boligen må vera godkjent heilårsbolig, ha eige bad/toalett, kjøkkenfunksjon og eige inngang. Vær merksam på at du må vera registrert busett i Folkeregisteret i den boligen du søkjer stønad til innan den 1. i månaden.
Kor mykje stønad du kan få, er avhengig av dei reelle buutgiftene dine og inntektene i husstanden, men det er sett ei nedre og ei øvre grense for kor mykje stønad du kan få. Er du i tvil ta kontakt med Servicetorget eller bruk husbankens kalkulator som kan gi deg ein peikepinn på om du er berettiga til stønad.
Søknadsfristen er 14. i kvar månad og utbetaling ca 10. i månaden etter. Søknadsskjema får du ved å ta kontakt med Servicetorget tlf. 32 02 90 00 eller pr. e-post, eller på husbanken.no.
Kommunen tek i mot søknaden, registrerer den og har den løpande kontakten med deg, mens Husbanken fattar vedtak og utbetaler bustønaden. Du kan få veiledning til utfylling av søknaden ved å henvenda deg til Servicetorget.