Kommunestyret vedtok 04.11.08 (K-sak 86/08) å opprette ei arbeidsgruppe som skulle utgreie bygging av ny skule for 1.-10.klasse i Gol. Arbeidsgruppa skulle utarbeide berande pedagogiske prinsipp som skal leggjast til grunn for utforminga av romprogrammet i den nye skulen. Utanom framlegg til romprogram skulle arbeidsgruppa også koma med økonomiske utrekningar for investering og drift. Rapporten var ferdig i juni 2009 og vart lagt ut til høyring. I august var det ope informasjonsmøte, og i september 2009 vart rapporten lagt fram til politisk behandling. Kommunestyret vedtok 20.10.09 (K-sak 50/09) at rapporten skal danne grunnlag for vidare arbeid med ny skule i Gol.
K-sak 86/08: Val av modell for grunnskulen i Gol
Ny skule i Gol. Rapport.
Ny skule i Gol. Vedlegg til rapport
Referat frå møtet 4. september 2009
K-sak 50/09: Arbeid med utforming av ny skule i Gol