Spesialundervisning

 

Treng du særskild tilrettelagt undervisning for å kunne fungere betre i kvardagen?

Vaksne som ikkje har eller ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde vedlike grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring. Opplæringa og undervisingsmateriellet er gratis.

Det kan vera ulike grunnar til at du har behov for spesialundervising:

  • Afasi
  • Dysleksi
  • Lærevanskar
  • Manglande grunnskuletilbod i ungdommen
  • Annan sjukdom eller skade som gjer at du treng opplæring

Dersom du har særskilde behov for tilrettelagt undervisning, kan du søkje kommunen om dette, anten det er snakk om opplæring i kunnskap du har "mista", eller det er snakk om nyinnlæring. Du vil då få einetimar, eller undervisning i små grupper. Undervisninga kan omfatte alt frå grunnleggjande lese- og skriveopplæring til læring om personleg økonomi og butrening. Med bakgrunn i sakkunnig vurdering av PPT i kommunen, vil det bli gjort enkeltvedtak om opplæring. Det blir utarbeidd individuell opplæringsplan for kvar elev.

Søknader blir handsama fortløpande.

Vaksenopplæringa eller servicetorget i Gol vil kunne gje fleire opplysningar.

Publisert
14.08.2008
Sist endra
19.12.2011
Publisert av
ABB