Norsknivået er delt inn etter det felleseuropeiske rammeverket for undervising, læring og vurdering av språk. Gol vaksenopplæring gir opplæring i norsk på tre nivå:
-
Mål for A1 (nivå 1 nybegynnarnivå):
Du kan forstå og bruke enkle, allmenne uttrykk og setningar, både skriftleg og munnleg. Du kan presentere deg sjølv og andre, formulere og svare på spørsmål om daglegdagse emne og forstå det som blir sagt når samtale når samtalepartnaren snakkar tydeleg. Du vil kunne bestå Norskprøve 1 som blir arrangert lokalt etter behov.
-
Mål for A2 (nivå 2 mellomnivå):
Du kan snakke og skrive om personlege forhold og allmenne emne. Du kan beskrive deg sjølv og omgjevnadane dine, utanninga di og arbeidet ditt. Du kan kommunisere enkle situasjonar om kjente emne. Du vil kunne bestå Norskprøve 2, som er ei nasjonal prøve.
-
Mål for B1 (nivå 3 vidarekomande nivå)
Du kan forstå hovudpunkta i informasjon som blir formidla på ein klar og enkel måte, og som er relatert til emne du kjenner frå arbeid, skule, heim og fritid. Du kan gi ei enkel samanhangande framstilling av emne av personleg interesse og kan fortelje om opplevingar, håp, planar og kort grunngje og forklare eigne meiningar. Du kan delta uførebudd i samtaler i dei fleste situasjonar du møter i arbeid, skule, heim og fritid. Du vil kunne bestå Norskprøve 3.
Spor:
-
Spor 1 – for personar med liten eller ingen skulebakgrunn.
Du er vant til å få informasjon og lære gjennom munnleg språk, praktiske erfaringar og arbeid. Morsmålet ditt er dit viktig reiskap når du skal lære norsk. Målet er at du skal få moglegheit til å lære nok norsk til å gå vidare på grunnskule for vaksne eller kunne gå ut i jobb.
-
Spor 2- for personar med viss skulegang frå heimlandet.
Du er vant til å bruke skriftspråket for å lære. Du har kanskje lært eit framandspråk ved sida av morsmålet ditt. Målet for spor 2 er at du skal lære nok norsk til å begynne i vidaregåande opplæring eller begynne å arbeide. Grunnskule kan også vera aktuelt viss du manglar grunnskulefag. Undervisning på spor 2 har tre nivå. A1 er begynnarnivå. Når du er ferdig med A2 kan du ta Norskprøve 2. Ønskjer du å lære meir norsk, kan du nå nivå B1. Då kan du ta norskprøve 3, som er eit krav for å halde fram i vidaregåande skule.
-
Spor 3 – for personar, med god allmennutdanning.
Du har god allmennutdanning på høgskule eller universitetsnivå. Du er vant til å lese deg til kunnskap og har lært eitt eller fleire språk i tillegg til morsmålet ditt på skulen. Opplæringa på spor 3 har rask progresjon. Målet er å lære norsk for å ta høgare utdanning eller gå ut i akademiske yrke i Noreg. Det kan også vera aktuelt å ta vidaregåande opplæring. Viss morsmålet ditt er svært forskjellig frå norsk, vil du ha større utbyte av gå på spor 2 i ein periode.
Gol vaksenopplæring har kurs på følgjande nivå
Kurs spor 1 nivå 1 måndag- tysdag - onsdag- torsdag -fredag
Kurs spor 1 nivå 2 måndag- onsdag- fredag
Kurs spor 2 nivå 1 måndag- tysdag - onsdag- torsdag -fredag
Kurs spor 2 nivå 2 måndag- onsdag- torsdag- fredag
Kurs spor 2 nivå 3 måndag- onsdag- fredag
Kurs spor 3 nivå 1 måndag- onsdag- torsdag- fredag
Kurs spor 3 nivå 2 måndag- onsdag- fredag
Kurs spor 3 nivå 3 måndag-fredag
Kursstart: august
Deltakarar med grunnleggjande norskkunnskapar kan starte i løpet av skuleåret
Kurs blir sett i gang med atterhald om tilstrekkeleg deltakarartal.
Kurs/grupper kan bli endra i løpet av semesteret.
Undervisningstider:
Kl 08.30-11.45 undervisning
Kl 12.30-15.00 valfag, studietimar med rettleiing av lærar