Grunnskuleopplæring
Tilbodet rettar seg mot:
- Vaksne som ynskjer opplæring i norsk, matematikk, engelsk eller andre fag på grunnskulenivå.
- Vaksne som ikkje har fått tilfredstillande grunnskuletilbod.
- Gol kommune og Nes kommune samarbeider om grunnskuleopplæring for vaksne.
Vaksne med skade/sjukdom etter avslutta utdanning, og som difor treng fornya opplæring.
- Vaksne med generelle lærevanskar / sosial-emosjonelle vanskar / psykisk utviklingshemming.
- Andre med særskilte behov for å kunne fungera tilfredstillande.
Vi held til i Gamlevegen 2B (Lysbo), rett ved Gol kommunehus.
Telefon: 32029235
Fax: 32029238
Verksemda og fagtilbodet ved Gol vaksenopplæring er gjort greie for i Verksemdplan for Gol vaksenopplæring. Opplæringa i norsk fylgjer Læreplan i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Grunnskuleopplæringa fylgjer læreplan tilpassa vaksne. For spesialundervisinga blir det laga individuelle planar.
Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Fag: Norsk, engelsk, matematikk, KRL (Kristendom med religion og livssynsfag), natur- og miljøfag og samfunnsfag.
Du kan ta eitt av desse faga, eller du kan ta fleire. For å få fullført grunnskuleeksamen, må du ta norsk, engelsk, matematikk og to av dei andre faga. Dette er naudsynt for å få rett til vidaregåande opplæring.
Det kan vera mange grunnar til at du ynskjer opplæring:
- Du rett og slett manglar eit fag; t.d. engelsk, fordi det ikkje var tilbod om engelsk då du var ung
- Lese- og skrivevanskar
- Dysleksi
- Lærevanskar
- Manglande grunnskuletilbod i ungdommen
- Annan sjukdom eller skade som gjer at du treng opplæring?
- IT/data som hjelpemiddel i læringa.
- Eller har du rett og slett lyst til å lære meir?
Undervisninga vil bli gitt i små grupper. Ein fylgjer fagplanane for grunnskuleopplæring tilpassa vaksne. Opplæringa går over to år.
Søkjarar frå Nes kommune og Gol kommune kan venda seg til Gol Vaksenopplæring tlf.32 02 92 35 eller servicetorget i Nes kommune 32 06 83 00 for søknadskjema og meir informasjon.
Søknadsfrist: 1. juni.
Undervisingsstart: medio august
Undervisninga blir sett i gang med atterhald om tilstrekkeleg elevtall. Elevgruppene blir sett saman slik det er pedagogisk mest tenleg.