Den kulturelle skulesekken (DKS)
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i grunnskulen får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.
I Gol kommune samarbeider grunnskule, kulturskule, barnehage, bibliotek og kulturavdeling om kulturtilbod til skuleelevar og barn i barnehagen.
Avdeling for kultur og informasjon er koordinator for dette samarbeidet og kommunekontakt for DKS.
Ved kvar skule er det ein kulturkontakt blant lærarane.
Kommunen har vedtatt handlingsplan for DKS, og kvart skuleår blir det gjennomført prosjekt med forankring i denne handlingsplanen.