Golbergremmen panorama

Planen er i samsvar med § 12-12 i plan- og bygningslova vedteke av Utval for Natur og næring sitt møte 22.03.2011, som sak 021/11.

Planvedtaket medfører endring av plan for Golbergremmen, sist vedteke 13.02.2007, som sak K 00/07, der det vart regulert for sju – 7- einebustadtomter, som no er omregulert til område for bustadbygg – blokk. Området kan i samsvar med endra føresegner bebyggast med inntil 25 einingar.

Følgjande dokument følgjer kunngjeringa:

Kommunens vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Det kan ikkje klagast på forhold som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på reguleringsplanen. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 28.05.2011.

 Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaka, jfr. plan- og bygningslovas §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

Publisert
03.05.2011
Sist endra
05.05.2011
Publisert av
SB for Utbyggingsavdelinga