Tryggleiksalarm

Bilete av logoen til Hjelp24Kvalifisert helsepersonell bemannar alarmsentralen 24 timar i døgnet.

Tryggleiksalarm er eit teknisk hjelpemiddel som gjer at ein raskt kan setjast i kontakt med helsepersonell.

Tryggleiksalarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den skal brukast ved akutte behov der telefon ikkje er eit alternativ.

Alarmen koblar ein til telefonnettet og går direkte til alarmsentralen. Alarmmottak for Gol kommune ligg hjå Hjelp24 tryggheitsalarmteneste i Oslo.

Hjelp24 har kvalifisert helsepersonell som bemannar sentralen 24 timar i døgnet. Der vil dei vurdere nødvendige handlingar og videreformidle beskjedar til rett instans som f.eks pårørande, legevakt eller heimesjukepleien sin vakttelefon.

Tenesten kan tildelast som ein lovpålagt teneste etter sosialtenestelova eller som ein ikkje lovpålagt teneste etter forvaltningslova sine reglar.

Dersom tryggleiksalarm vurderast som ein teneste etter sosialtjenesteloven §4-3, jf. §4-2 a som nødvendig tilsyn, vil den vere ein lovpålagt teneste og komme inn under forskriftsreglane om eigenbetaling.

Dersom tryggleiksalarm blir tildelt ut over behovet for tenester etter sosialtjenesteloven § 4-3, jf § 4-2 a, skjer dette med heimel i forvaltningslova, og kommunen kan kreve eigenandel for tenesten.

Kommunestyret har fastsatt ein eigenandel for tryggheitsalarm.

Praktiske opplysningar

Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av tryggheitalarm.

 

 

 

Publisert
17.11.2007
Sist endra
03.05.2011
Publisert av
Ann Elisabeth Nes

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Omsorgsavdelinga
Helsetunvegen 1
3550 Gol

Tlf. 32 02 91 50
Fax 32 02 91 51

E-post

Andre lenker