Støttekontakt
Støttekontaktordninga er ei teneste som skal hjelpa den einskilde til ein meiningsfull fritid eller kan gje råd om gjeremåla i dagleglivet.
Tyngdepunktet i oppgåvene til støttekontakten ligg i kontakt og støtte etter brukaren sine ønsker.
Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn.
Støttekontakt er gratis
Kriteriar for tildeling av støttekontakt
behovet vurderast etter sosialtjenesteloven §4-3 og §4-2 bokstav c)støttekontakt
- brukaren må forplikte seg til å halde avtalar og følgje plan for oppdraget
- timane skal brukast til deltaking på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet
- støttekontakt blir som hovudregel ikkje innvilga til personar under 8 år, da denne gruppa sjelden har eit sjølvstendig kultur og fritidsliv, uavhengig av foresatte
- personar med forsørgjaransvar, ektefelle eller sambuar, søsken eller andre nære pårørande skal ikkje vere støttekontakt for brukaren
- personar med 1:1 bemanning, får som hovudregel ikkje innvilga støttekontakt