Kortidsopphald på Gol helsetun
Korttidsopphald i sjukeheim er eit tilbod for eldre med samansett helseproblematikk. Varigheiten av opphaldet vert vurdert ut i frå den enkelte sitt behov.
Under opphaldet får ein tverrfagleg hjelp eller rettleiing til å ivareta daglege behov. Mange treng også opptrening av eit eller fleire funksjonsområder. Det skal føreligge ein klar målsetjing for opphaldet.
Søkjar må reise heim etter endt opphald, med mindre dette er uforsvarleg av helsemessige orsaker. Denne vurderinga tek eit tildelingsteam.
Eigenandel
For dagopphald betalast det ein eigenandel. Størrelsen på eigendelen vert fastsatt årleg gjennom statsbudsjettet.
Praktiske opplysningar
Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av korttidsopphald.