Kontaktperson for alvorleg sjuke og døyande
I alle kommunar i Hallingdal er det no ein kontaktperson for alvorleg sjuke og døyande med pårørande knytta til heimesjukepleien, institusjon eller Hallingdal Sjukestugu.
Det kan vere pasientar/pårørande som ikkje har behov for heimesjukepleie, men berre treng nokon å prate.
Kontaktpersonen kan du nå via legen, Hallingdal Sjukestugu, sjukehus eller ringje direkte via arbeidsplassen.
Kontaktperson i Gol kommune er sjukepleiar.
Dersom du ikkje får kontakt med kontaktpersonen på Gol, så kan du ringje til kontaktpersonen ved Hallingdal Sjukestugu.