Ambulerande vaktmeister
Ambulerande vaktmeister sine oppgåver er
Snømåking og strøing foran inngangsparti for personar som på grunn av sin
- funksjonshemming
- sjukdom
- alder
- skade
ikkje er i stand til å utføre denne oppgåva sjølv.
Tenesten omfattar ikkje
- hogge og bere ved
- fylle parafin
- småreparasjonar
- hagearbeid
- plenklipping
- stell av dyr
- anna førefallande arbeid
Ved behov kan søkjar få hjelp til å komme i kontakt med frivillige organisasjonar og andre private aktørar som kan hjelpe med å utføre nokre av desse oppgåvene.
Praktiske opplysningar
Det må søkjast om tenesten. Tildelingsteamet i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av vaktmeisterteneste.