Verneområde
Gol kommune har tre verneområde, Metubba naturreservat, Lyseren naturreservat og Veikulåsen naturreservat.
Metubba - Brenne
Område beståande av eit myrlandskap med varierande myrtypar og vegetasjon. Området viser dei fleste myrtypar og myrplanter som er typiske for regionen. Viktig hekkeområde og trekkrasteplass for våtmarksfugl.
Lyseren
Ligger nær Klanten flyplass. Reservatet består av eit våtmarkssystem i bjørkeregionen mot fjellet, og er ein del av større kompleks med myrer, vierkratt og fjellbjørkeskog. Området er eit viktig hekkeområde og trekkrasteplass. Det er registrert 30 artar av våtmarksfugl og av desse er fleire raudlista og regionalt sjeldne. Området er eit av dei beste våtmarksområda i Hallingdal med stor verdi for viltet.
Veikulåsen
Føremålet med fredninga er å ta vare på eit tilnærma urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar. Området har ein særskilt betydning som eit regionalt stort skogsområde med store topografiske variasjonar. Området har betydning for soppartar knytta til daud ved, og skogen vil på sikt kunne oppnå god kontinuitet ved ein aukande daudvedmengde.
For Metubba gjeld følgjande avgjerder:
- Vegetasjon, herunder døde busker og trær, er freda mot skade og ødeleggelse unntatt det som måtte følgje av fri ferdsel. Det er forbudt å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Treslagsskifte er forbudt.
- For dyrelivet gjeld viltlovens bestemmingar og forskrifter gitt i medhald av denne.
- Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre de naturlige vekstvilkår, herunder oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftledninger, jordkablar og kloakkledningar, bygging av veier, drenering og annen form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forurensingstilførsler, henleggelse av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske bekjempingsmidler. Opplistingen er ikkje fullstendig
- Motorisert ferdsel er forbudt.
- Camping, teltslaging og oppsetting av kamuflasjeinnrettninger for fotografering er forbudt
For Lyseren gjeld følgjande avgjerder:
- Vegetasjonen i vann og på land er freda mot ein kvar form for skade og ødeleggelse. Nye planteartar må ikkje innførast.
- Alt vilt herunder deira hi, reir og egg, er freda mot ein kvar form for skade ødeleggelse og unødvendig forstyrrelse, jf. viltlovens § 3. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen samt slipp av hund er forbudt. Nye dyrearter må ikkje innførast.
- Det må ikkje iverksettes tiltak som kan endre de naturgitte forhold som for eksempel oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, framføring av luftledningar, jordkabler og kloakkledninger, bygging av veier, drenering og annen form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forurensingstilførsler, henleggelse av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske bekjempingsmidler. Opplistingen er ikkje fullstendig.
- Motorisert ferdsel til vatns og til lands samt lavtflyging under 300 meter over reservatet er forbudt, (herunder gjelder også bruk av modellbåter og modellfly).
- Camping, teltslaging og oppsetting av kamuflasjeinnrettninger for fotografering er forbudt. Organisert idrettsutøving er forbudt.
For Veikulåsen gjeld følgande avgjerder:
- Vegetasjon, herunder døde busker og trær, er freda mot skade og øydelegging unntatt det som måtte følgje av fri ferdsel. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Treslagsskifte er forbode.
- Dyrelivet, herunder reirplassar og hiområder, er freda mot skade og øydelegging. Utsetting av dyr er ikkje tillatt.
- Det må ikkje settast iverk tiltak som kan endre naturmiljøet, som f.eks. oppføring av bygningar, anlegg og varige eller midlertidige innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av luftledningar, jordkablar og kloakkledningar, bygging av vegar, drenering og annen form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, henleggelse av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske bekjempingsmidlar. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
- Motorferdsel til lands og til vanns er forbode. Start og landing med luftfartøy er forbode.
- Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
- Bruk av sykkel eller hest er forbode.
For utfyllande bestemmelsar sjå :
Forskrift om fredning for Metubba naturreservat, Gol kommune, BuskerudForskrift om fredning for Lyseren naturreservat, Gol kommune, BuskerudForskrift om fredning for Veikulåsen naturreservat, Gol kommune, Buskerud.