EUs rammedirektiv for vann

Foto: Jørn Magne ForlandEUs rammedirektiv for vann vart vedtatt i alle medlemsstater i år 2000. Norge har gjennom EØS-avtala forplikta seg til å følgje opp den nye vannforvaltningen. Norge har implementert direktivet i norsk lovgivning ved ein forskrift - forskrift om rammer for vannforvaltningen.

Forskriftas mål er å oppnå god kjemisk og økologisk vannstatus innan 2012 for vassdrag i fyrste planfase, og innan 2021 for resten av vassdraga.

For å nå dette målet skal det lagast ein fylkesdelplan for kvar vannregion.

Gol kommune og resten av kommunane i Buskerud høyrer heime i vannregion 2 Vest-Viken saman med heile Vestfold, mesteparten av Telemark og deler av Oppland. Fylkesmannen i Buskerud er vannregionmyndighet for vannregion 2 fram til 01.01.2010. Då overtek Buskerud fylkeskommune. Fylkesmannen i Buskerud held fram som fagmyndighet.

Vannregionutvalget for vannregion 2 (Vest-Viken) vart konstituert på møte 14. februar 2007. Utvalet består av representantar frå berørte fylkesmannembeter, fylkeskommuner, kommunar og sektormyndigheter.

Referansegruppen består av andre berørte og interesserte.

 

 

Publisert
04.02.2009
Sist endra
10.03.2011
Publisert av
Jørn Magne Forland