Spreidt avløp
Spreidt avløp
Miljøverndepartementet har med verknad frå 1. januar 2007, vedtatt ny heilskapleg avløpsdel i forurensningsforskrifta. Formålet med avgjerdene er å motverke ureining på ein heilskapleg og effektiv måte.
Forskrift om endring i forskrift om begrensing av forurensning(forurensningsforskrifta) omfattar mellom anna:
- Kap. 11. generelle avgjerder om avløp
- Kap. 12. krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande (0-50 pe)
- Kap. 13. krav til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbusetnad (50-2000 pe)
Når skal ein søke om utsleppsløyve? (etter forurensningsforskrifta kap. 12 og 13)
- Når det er utslepp av sanitært avløpsvatn frå hytter, bustadhus og liknande som ikkje kan koplast på offentleg avlaupsnett
- Ved etablering av utslepp
- Vesentleg auke av etablert utslepp
- Ved innlegging av vatn
- Installering av vassklosset
Søknad om utslepp
- Søknad om utslepp skal sendast til kommunen.
- Du som eigar, er ansvarleg for at det vert utarbeida ein skriftleg, fullstendig søknad, som inneheld naudsynte opplysningar som vil vere av betyding for kommunen, jf forureiningsforskrifta § 12-4.
- Som oftast vil det vere eit røyrleggarføretak, eit entreprenørfirma eller eit konsulentfirma som utarbeider og sender inn søknad til kommunen.
Her finn du søknadskjema for utsleppsløyve