Nedgravne oljetankar
Nedgravde oljetankar (og øvrige oljetankar) representerer ein betydeleg kilde til forureining av grunnen.
Erfaringar viser at nedgravde oljetankar ofte blir liggande utan nokon form for kontroll inntil lekkasje oppstår. Totalt her i landet finnes det ca. 300 000 nedgravde oljetankar fordelt på 150000 ståltankar og 150000 glassfibertankar (kilde: SFT).
Dei alvorligaste problema oppstår ved forureining av overflatevatn eller grunnvatn i lausmassar og fjell, men også plante- og dyrelivet i vann og vassdrag og innemiljøet i hus kan bli skadelidande.
Gol kommune og Hallingdal brann - og redningsteneste iks samarbeider om gjennomføringa av tilsynet. Feiarane har med seg registreringsskjema når dei er ute på oppdrag og leverer dette til huseigar. Huseigar fyller ut skjemaet og sender det til kommunen. På den måten vil kommunen i løpet av nokre år få ein betre oversikt over antall oljetankar og vite meir om forureiningsfara. Skjemaet finn du i boksen til høgre.
Om kommunes forarbeid med tilsyn og registering av nedgravne oljetankar