Elgbeitetaksering
I Gol vart det starta med beitetaksering i 2005. Bakgrunnen for dette var at den kraftige veksten i elgstammen i Hallingdal på 1990-talet. Store skogskader og auke i elgpåkjørsler tyda på at elgstammen var for stor i forhold til beitegrunnlaget.
Takseringa konkluderte da også med at ROS-artane var klart overbeita på alle bestand. Furu vart også overbeita i 60 % av bestanda.
Det vart også taksert elgbeiter i 2006 og 2007, medan det i 2008 ikkje vart taksert. I 2009 vart det gjort ny taksering som konkluderer med at rekrutteringa av beiteplanter i gruppa ROS til forproduksjon er nærmast fråværande, då desse plantane vert beita so hardt at dei unntaksvis når høyder over 1 m.
I 2011 er dei fleste av prøveflatene taksert på nytt, og dessverre har ikkje situasjonen vorte betre. Framleis er beitegraden på ROS-artane nesten 100 %.
For furu og bjørk er situasjonen betre. Desse er imidlertid også så hardt beskatta at dei over tid vil minske i tilgjengeleg forproduksjon. Ein reduksjon i beitebelastningen, med færre dyr, må derfor til. Det vert anbefalt ny taksering om to år for oppfølging.
Les rapport frå 2011
Les rapport frå 2009
Elgbeitetaksering 2007
Elgbeitetaksering 2006