Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres

Bilde av kart over Sør-NorgeInitiativet til ein felles energi - og klimaplan for Hallingdal og Valdres vart teke av renovasjonsselskapa i Hallingdal og Valdres sommaren 2007.

I samarbeid med regionrådet i Hallingdal og Valdres natur og kulturpark vart det utarbeidd prosjektsøknad på vegne av alle 12 kommunane i løpet av vinteren 2007/2008.

Oppstartsseminar vart halde hausten 2008 på Storefjell Resort med over 100 deltakarar.

  • Alle kommunar vedtek den overordna rammeplanen i løpet av sommar 2010, og startar opp arbeidet med kommuneplan for energi og klima fortløpande.
  • Prosjektet er ferdig juni 2010

 

  • Planen er ein felles rammeplan for dei 12 kommunane i Valdres og Hallingdal. Målsetjingane og tiltaka i planen er for regionen samla.
  • Planen og tiltaka bør og skal vere slik at kommunane kjenner eigarskap til dei og har tru på at dei kan gjennomførast. Samtidig skal kommunane verte oppfatta som den "grøne regionen" i løpet av 3-5 år.
  • Kvar enkelt kommune lagar eigne delplanar etter plan - og bygningslova som bygger på denne rammeplanen. Det er opptil kvar einskild kommune å setja ekstra krav til seg sjølv i dei einskilde kommunedelplanane.

Overordna mål i energi og klimaplanen

  • Klimagassutsleppa i Hallingdal og Valdres skal pr årsinnbyggjar reduserast med 5 % innan 2010, med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2030 i høve til utsleppa i 2006.
  • Det er mål om 15 % reduksjon i energibruk pr. m2 i bygg basert på el og olje, innan 2012. Tilsvarande 20 % reduksjon i 2020.
Publisert
18.11.2009
Sist endra
10.03.2011
Publisert av
Jørn Magne Forland