Bioenergi i Gol sentrum

Det har sidan 2006 vore jobba med å utarbeide ein varmeplan for Gol sentrum der store energibrukarar kan legge om til meir miljøvenleg og berekraftig varme i form av bioenergi eller varmepumpeløysning.

Sommaren 2007 fekk Gol kommune levert rapport etter eit forprosjekt som såg på bioenergiløysningar i Gol sentrum. Denne konkluderte med at det låg godt til rette for ein bioenergisentral i Gol sentrum sør og ein i Gol sentrum nord. I tillegg vart det foreslege eit punktvarmeanlegg på Gol skule og eit på helsetunet.

Forprosjektet har ikkje resultert i noko konkret enda, men det vert sett nærmare på Gol sentrum sør. Hallingdal bioenergi i samarbeid med Nortura, Pers Resort og Gol kommune ser på moglegheitene for eit bioanlegg som anten er fyrt med pellets eller flis.

Publisert
19.11.2009
Sist endra
10.03.2011
Publisert av
Jørn Magne Forland