Omdisponering av jordbruksareal

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord må ikkje skje utan samtykke frå departementet, dvs. kommunen.

Føremål

Føremålet med jordlova er å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

Føremålet med forbodet mot omdisponering i jordlovas §9 er å verne produktive areal og jordsmonnet. Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

Søknad og saksgang

Søknad om omdisponering skal sendast Næringsavdelinga. Søknaden må vereBilete av saksmappe grunngjeven og nabovarsla, og det må leggast ved kartutsnitt som syner omsøkt omdisponert areal. Kartutsnitt og skjema for nabovarsling får ein på Servicetorget i kommunen.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om omdisponering i Gol. I kurante saker som gjeld omdisponering av dyrka jord til skogsmark for areal ikkje over 25 daa, kan administrasjonen gjere vedtak. Sakshandsamingstid kan elles variere mykje avhengig av saka si karakter.

Publisert
23.11.2007
Sist endra
03.02.2011
Publisert av
ws/aen