Erstatning ved svikt i honningproduksjon

Føretak som driv med honningproduksjon kan søkje erstatning. Føretaket må vere registrert som meirverdiavgiftspliktige eller ha hatt ein omsetning på minst 20 000 kroner dei siste 12 månedane før tapet oppstod.

For at erstatning skal kunne gis, må produksjonen vere redusert som ein følgje av klimatiske eller klimatisk avleda forhold som birøktaren ikkje kan sikre seg mot. Slike forhold er redusert blomstring og/eller dårlig flyvêr. Normale variasjonar i honningproduksjon vert ikkje erstatta.

Erstatningsutmålinga vert bygd på dokumentert produksjon og pris. Søkjar må sjølv dekkje ein eigenandel på 30 prosent av gjennomsnittsproduksjonen.

Melding

Gje melding så snart som mogleg til din kommunale landbruksforvaltning dersom du mistenkjer at det vil oppstå svikt i honningproduksjonen.  

Søknad

Skal sendast til kommunal landbruksforvaltning innan 31.oktober i skadeåret.

Søknadsskjema

Finn ein på nettsida til Statens landbruksforvaltning eller du kan få det på Servicetorget eller på Næringsavdelinga. Elektronisk søknad kan sendast inn via Altinn.

Publisert
13.04.2010
Sist endra
08.02.2011