Erstatning etter vinterskadar på eng
Føretak med betydelege vinterskadar på eng kan få økonomisk støtte gjennom denne ordninga. Tilskotet skal bidra til at føretaket kan få ei avling av gras eller grønfôr som kan haustast det same året, slik at avlingssvikten vert redusert.
Vinterskadar på eng vert definert som skader forårsaka av:
- frost
- isdekke
- vassdekke
- uttørking
- oppfrysing
- biotiske forhold som overvintringssopp
Melding / utbetring
Tilskot
Søknadsfrist
Søknadsskjema
Melding / utbetring
Føretaket må gi melding om vinterskada eng til kommunen i god tid før utbetringa vert påbegynt, slik at kommunen kan kontrollere vinterskadane. Utbetringa må gjerast så tidlig at enga gir avling i skadeåret, og seinast innan 15. juni. I strøk av landet der veksten kjem seinare i gang, kan fylkesmannen gi dispensasjon frå denne fristen.
Tilskot
For at tilskot skal kunne gis, må engarealet etter utbetringa vere pløgd, harva, frest eller direktesådd og vere tilsådd med frø av eng- og/eller grønfôrvekstar. Når tiltaket er ein del av normal fornying av enga om våren, gis det ikkje tilskot.
Føretaket skal sjølv dekkje ein eigenandel på 20 prosent av kostnadene med utbetring av føretaket sitt totale engareal.
Søknadfrist
Søknad om tilskot skal sendast til kommunen innan 15. juli i skadeåret, saman med dokumentasjon på at enga faktisk er utbetra.
Søknadsskjema
Finn ein på nettsida til Statens landbruksforvaltning eller du kan få det på Servicetorget eller på Næringsavdelinga. Elektronisk søknad kan sendast inn via Altinn.