Deling av landbrukseigedom
Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå departementet, dvs. kommunen
Søknadsskjema
Saksgang
Gebyr
Føremål
Føremålet med jordlova er å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.
Føremålet med delingsforbodet i jordlovas §12 er å sikre at driftseininga sitt ressursgrunnlag ikkje vert redusert. Forbodet mot deling omfattar eigedomar som er nytta eller kan nyttast til jord- og skogbruk.
Med eigedom meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige. Forbodet mot deling gjeld òg forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).
Søknadsskjema
Skjema for deling av grunneigedom og nabovarsel finn du øverst i høgre marg under fanen Sjølvbetjening / Elektronisk søknadsskjema / Bustad og eigedom. Kartutsnitt som viser omsøkt frådelt areal kan ein finne på www.hallingkart.no. Søknadsskjema og kartutsnitt kan ein også få ved henvendelse til Servicetorget i kommunen.
Saksgang
Grunngjeven søknad om deling vedlagt nabovarsel skjema og
kartutsnitt skal sendast Næringsavdelinga i kommunen.
Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om deling av landbrukseigedomar i Gol. I kurante delingssaker som gjeld:
- ubebygde einskildtomter opp til 2 daa.
- areal som grensar til og skal leggjast til tidlegare frådelt tomt, med eller utan bygningar, inntil samla areal er opp til 2 daa.
- tomter som det er bygd på og arealet ikkje er større enn 2 daa, unnateke våningshus, kårhus og driftsbygningar
kan administrasjonen gjere vedtak. Sakshandsamingstid kan elles variere mykje avhengig av saka si karakter.
Gebyr
For handsaming vert tilsendt når delingssøknaden er registrert motteken i kommunen. Gebyr for delingssøknad etter jordlova er kr. 750 pr. sak og er fastsett ved forskrift frå departementet.