Konsesjon for omsetning av film og videogram

bilde av filmstripe

Den som vil drive framsyning og omsetning (utleige og/eller sal) av film eller videogram i næring, må ha løyve(konsesjon) til dette frå kommunen. Begrepet videogram dekker både film på VHS, DVD og andre fysiske format med levande bilete, samt streama video over nettet i visse tilfelle

Konsesjon blir gitt for inntil fem (5) år om gongen.
Gjeldande konsesjon går ut 31.12.2015. Alle nye konsesjonærar blir gitt konsesjon fram til denne datoen.

Vilkår

Konsesjon blir ikkje gitt til forretningar der eigar eller dagleg leiar i løpet av dei siste fem åra er straffa for å ha brote paragrafane 211 eller 382 i Straffelova eller har drive verksemd i strid med reglane i Lov om film og videogram.

Saksgang

Ny konsesjon blir behandla fortløpande.

Ved fornying av konsesjon vil forhandlar bli tilskriven. seinast 4 månader før konsesjonen går ut.
Søknaden blir behandla administrativt i servicetorget.
Saksbehandlingstid: 1 veke.

Publisert: 16.11.2007
Sist endra: 16.08.2010

Send søknad til:

Gol kommune. Servicetorget
Gamlevegen 4
3550 Gol
Tlf. 32 02 90 00
Fax 32 02 90 10
Epost

Gamlevegen 4, 3550 Gol  -  Tlf: 32 02 90 00  -  Send e-post til Gol kommune  -  Nettansvarleg: Liv Rosén