Rusomsorg

BileteDen kommunale sosialtenesta skal gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak hjelpe den enkelte til å koma bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel.



Ved behov skal sosialtenesta sørge for

  • behandlingsopplegg
  • ettervern etter avslutta behandling
  • hjelp til vedkommandes familie
  • koordinering av tenestene til personar som misbrukar rusmiddel

Individuell plan

Personar med rusproblem, som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få utarbeidd individuell plan, sjå
Forskrift om individuell plan, fastsett 23. desember 2004.
Den er den instansen/kontoret klienten vender seg til som har plikt til å sørge for at ein slik plan blir utarbeidd.

 

Legemiddelassistert rehabilitering

Rehabiliteringstiltak for personar med rusmisbruk der bruk av legemiddel, t.d. Metadon, er ein del av behandlingsopplegget. Det er ein føresetnad for slik rehabilitering at klienten er med i eit tiltak som er godkjent av Sosial- og helsedepartementet.

 

Publisert: 27.11.2007
Sist endra: 08.07.2010
Oppretta av: bs/lr
Kontaktinformasjon

Besøksadresse:
Valdresvegen
3550 Gol

Tlf. 32 07 86 50
E-post

Opningstid:
Mandag - fredag kl. 8.00 - 15.30.

Gamlevegen 4, 3550 Gol  -  Tlf: 32 02 90 00  -  Send e-post til Gol kommune  -  Nettansvarleg: Liv Rosén