Legevakt

Daglegevakt
I kontortida mellom kl.08.00 - 15.00 ringer du 32 02 92 00.
Ved alvorleg, livstrugande sjukdom eller skade ring AMK 113.Alle som ringer for vanlege henvendelsar på legevakttelefonen 32 07 44 77 på dagtid, får beskjed om å ringe kommunelegekontoret 32 02 92 00.
Nattlegevakt for Hallingdal 32 07 44 77.
Hallingdalskommunane har samarbeid om felles nattlegevakt.
Legevakta på natt, dvs i tidsrommet kl. 23.00 - 08.00, vil vere fast lokalisert på Ål. Lokala ligg i kjellaren på Hallingdal sjukestugu, med inngang frå nedsida.
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er tilstades i vaktlokala gjennom heile natta.
På kveldstid er det inga endring frå tidlegare. I tidsrommet frå legekontora stenger og fram til nattlegevakta opnar, er det fortsatt legar på vakt i dei ulike vaktdistrikta.
Kor vender eg meg?
I utgangspunktet blir det tilrådd at ein ringer legevakta og gjer avtale, sjølv om det vil vera personell tilstades heile natta.
Ved at ein får ei konkret timeavtale, vil ein unngå unødig ventetid.Ein kan og få hjelp til å organisere transport til legevakta, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige inntil ein kjem fram til legen
Viktige opplysningar:
- Kor ringer du frå? (telefon og adresse)
- Kven ringer? (namn,fødselsdato og bustadadresse)
- Kva gjeld det? (sjukdom, skade, haster det?)