Kontaktperson for alvorleg sjuke og døyande
I alle kommunar i Hallingdal er det no ein kontaktperson for alvorleg sjuke og døyande med pårørande knytta til heimesjukepleien, institusjon eller Hallingdal sjukestugu.
Ein sjukepleiar eller hjelpepleiar med erfaring og kompetanse har fått frigjort tid til å jobbe med denne pasientgruppa. Det kan vere pasientar / pårørande som ikkje har behov for heimesjukepleie, men berre treng nokon å prate med.
Kontaktpersonen kan du nå via legen, Hallingdal Sjukestugu, sjukehus eller ringje direkte via arbeidsplassen.
Kontaktpersonene har danna ei interkommunal gruppe som har jamlege møte, og dei vil arbeide saman for at alvorleg sjuke og døyande skal bli ivaretekne på best mogeleg måte.
Leiar for gruppa er kreftsjukepleiar Sølvi Lappegard ved Hallingdal Sjukestugu. Ho kan du òg ringe dersom du ikkje får tak i kontaktpersonen, tlf 32 08 69 40.
Kontaktperson i Gol kommune er sjukepleiar Jorunn Stake Wiljugrein. Treffetid: tysdagar mellom kl.12.00 – 14.00 på tlf. 907 37 285.