Helsestasjon for barn 0-5 år

På helsestasjonen kan foreldre og føresette koma og få råd og rettleiing i spørsmål som har med barn og gjera. Barna blir vegd og målt for å sjå at dei veks og trivs, og de får tilbod om vaksinasjon av barna i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet.
Heile helsestasjonstilbodet er gratis.
Samarbeidspartnarar:
Helsesøster og helsestasjonslege vil i samarbeid med foreldre observere og undersøkja at barnet er friskt og utviklar seg som det skal.
Er det noko de som foreldre eller vi på helsestasjonen lurar på i barnets utvikling, kan det vera aktuelt å ta kontakt med ein eller fleire av våre samarbeidspartnarar som t.d. fysioterapeut, PPt, barnevern og tannhelsetjenesten
Nokon gonger kan det vera behov for at barnet blir tilvist til spesialist eller sjukehus.
Timebestilling:
Ved dei fleste av besøka på helsestasjonen vil de få tilbod om ein individuell time. Dersom de ikkje har fått ein ny time hjå oss når de har vore her, vil de få ein time tilsendt i posten når det nærmar seg neste konsultasjon.
Helsestasjon tek kontakt når vi har fått besjed frå sjukehuset om fødselsn.
Jordmor reiser på heimebesøk til alle som har født innan ca 2 veker etter fødselen. Helsesøster reiser på heimebesøk ut i frå ønsker og behov.
Aktivitetar:
Alle foreldre blir invitert til ettertreff i løpet av dei fyrste vekene etter fødselen.
Vi har også tematreff ca.1gang pr. månad, der me har ulike tema og sosiale samvær. Link til tematreff
Utlån:
For mødre med ammeproblem kan vi låne ut brystpumpe. Her må det betalast kr. 100/200 for brystpumpesett, avhengig av type.
Klageadgang:
Ein eventuell klage skal sendast til Gol helsestasjon. Klagen vil derfrå bli sendt til Fylkeslegen. Eventuelt kan du klage direkte til Norsk Pasient-skadeerstatning.