Startlån

Startlån er ei behovsprøvd ordning for personar som av ulike årsakar har problem med å etablere seg på bustadmarknaden.  Både unge i etableringsfasen, einslege forsørgjarar, funksjonshemma og flyktningar er eksempel på grupper som kan søke om Startlån

Forvaltninga av Startlån i Gol kommune er sett bort til Sparebank 1 Hallingbanken

Potensielle lånesøkjarar kan vende seg til Gol kommune, Sekretariatet v/ spesialkonsulent Øystein Kjerulf Brenno for å få nærare informasjon om låneordninga og korleis ein skal gå fram.

Rådmannen har fullmakt til å tildele startlån under kr. 200.000. Blir det søkt om lån ut over kr. 200.000 skal formannskapet handsame saka.

Det er eit krav i retningslinene at bustaden skal vere eigna for husstanden, og rimeleg og nøktern i forhold til prisnivået i kommunen.

Det er ein føresetnad at søkjaren skal greie å handtere buutgiftene over tid, og framleis ha att nødvendige midlar til livsopphald.

Startlån, som er behovsprøvd, blir gitt som topplån eller til refinansiering.

Publisert: 16.11.2007
Sist endra: 24.02.2009
Oppretta av: Liv Rosén
Kontaktinformasjon

Øystein K. Brenno
Tlf. 32 02 91 32

E-post

 

Gamlevegen 4, 3550 Gol  -  Tlf: 32 02 90 00  -  Send e-post til Gol kommune  -  Nettansvarleg: Liv Rosén