Kvifor eigedomsskatt og til kva slags bruk

Eigedomsskatten er ein fiskal skatt dvs. den er ikkje lovmessig øyremerka og kommunestyret avgjer sjølv kva desse skatteinntektene skal gå til. For kommunen er desse inntektene til fri bruk og kan t.d. gå til drift av kommunale tenester eller investeringar.
At skatteinntektene ikkje er øyremerka bestemte formål er også grunn til av vedtak om å innføre eigesomsskatt, eller å utvide området slik at Gol kommune har gjort, er vedtak som må bli gjort i tilknytning til budsjett og økonomiplan.
Kommunestyret gjorde vedtak om utvidinga i det same møtet som årsbudsjett og økonomiplan (for 2010-2013) vart vedteke.
Eigedomsskatt er ein ordinær måte for ein kommune å skaffe seg inntekter på og blir ikkje delt med fylkeskommune og stat slik som skatt på inntekt og formue. Kommunen gjer sjølv øyremerkinga gjennom ordinære vedtak knytt til budsjett og økonomiplan.