Spesialpedagogisk hjelp i førskulealder

Funksjonshemma barn sine rettar i forhold til barnehageplass.

Lov om barnehage

Lov om barnehage § 13 seier at barn med nedsett funksjonsevne skal ha prioritet ved opptak. Det skal foreligge ei sakkyndig vurdering om at barnet har nedsatt funksjonsevne.

Opplæringslova.

Opplæringslova § 5.7 seier at barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knyttast til barnehagar, skular, sosiale og medisinske institusjonar og liknande eller organiserast som eige tiltak.

Barnehagebetaling for barn som treng spesialpedagogisk hjelp

Foreldra skal ikkje betale for dei timane barnet får spesialpedagogisk hjelp etter eit enkeltvedtak i barnehagane.
Publisert: 15.11.2007
Sist endra: 15.07.2010

Kontaktinformasjon:

Ass. styrar
Gunn-Marit Aarset
Tlf. 32 02 91 10
E-post

Spesialpedagog
Anne Kari R. Sundsøy
Tlf. 32 02 91 13
E-post

Gamlevegen 4, 3550 Gol  -  Tlf: 32 02 90 00  -  Send e-post til Gol kommune  -  Nettansvarleg: Liv Rosén