Rotneim barnehage

Rotneim barnehage ligg i grenda Rotneim. Barnehagen ligg ikkje langt frå
riksveg 7, ca. 6 km frå sentrum oppover dalen.
Barnehagen har 2 avdelingar og er godkjent for inntil 36 plassar.
Den har tilhald i ein tidlegare barneskule med ein avdeling i kvar etasje. Huset er tilpassa barehagedrift. Eigen gymsal i kjellaren, og skogen rett utafor gjerdet gjer at det er gode muligheiter for allsidig leik og aktivitetar.
Nærmiljøet elles er prega av landbruk og husdyr.
Avdelinga Stugu har primært barn i alderen 1-2 år, medan avdeling Nuten primært er for barn frå 3-5 år. Avdelingane har tett samarbeid til beste for både barn, foreldre og tilsette.
Personalet har ei målsetting om å ta barna med i planlegging og utvikling av aktivitetane i barnehagen. Me veit at barn lærer best når dei får byggje på eigen erfaring, og får lov å vera med å påverke med sine eigne idèar.Nokon barn treng trening på å komma med sine tankar, andre treng trening i å lytte til andre barn og deira innspel. Dei vaksne si rolle er å ta vare på barna sine sinnspel og sjå korleis me kan bruke dette for å skape utfordring, glede og læring.
Årsplan for Rotneim barnehage 2012