Korleis arbeider barneverntenesta?
Alle offentlege styresmakter/tilsette har plikt til å melde til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, at det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar. Det er då ønskjeleg at det vert sendt ei skriftleg melding til barneverntenesta der det vert gjeve ei beskriving av dei bekymringane vedkomande har. Det er også mogleg å ta kontkat med barneverntenesta direkte på telefon for å melde, evt drøfte, korleis ein skal gå fram når ein er usikker på det.
Barneverntenesta mottek ofte meldingar frå privatpersonar som t.d vener, foreldre, ungdom sjølv eller slekt. Privatpersonar har mogelegheit til å melde saker anonymt til barneverntenesta, eller drøfte saker med barneverntenesta over telefon eller i møte.
Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding for eit barn, vurderer barneverntenesta om opplysningane er av slik karakter at det kan vera behov for hjelp frå barneverntenesta. Dersom dette vert vurdert som sannsynleg, vert det teke avgjerd om å setje igang ei undersøking for å få kartlagt barnet og familien sin situasjon.
Dersom barneverntenesta opprettar un dersøking i ei sak, vil foreldra bli kontakta.
Barneverntenesta kan også innhente informasjon frå andre instansar som barnet og familien har kontakt med t.d. skule, helsestasjon, politi, lege osv.
Etter endt undersøking vurderer barneverntenesta om det er behov for tiltak rundt barnet eller familien.