Barneverntenesta
Barneverntenesta skal vere ein garanti for at alle barn og unge vert sikra
omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Barneverntenesta sitt ansvar og arbeidsoppgåver finn vi i
Lov om barneverntjenester.
Barneverntenesta har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna. Barnevernet skal verne barn mot omsorgssvikt og motverke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Blir barnevernet kjent med slike forhold, har det lovbestemt plikt til å undersøkje korleis barnet har det og om nødvendig, setje i verk tiltak.
Barneverntenesta sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gjevast hjelp og støtte for at heimen skal kunne makte omsorgsoppgåvene sine, men tenesta har også plikt til å gripe inn dersom omsorga ikkje er godt nok ivareteken.
Barneverntenesta har hovudansvar for barn som lir overlast. Det betyr ikkje at barneverntenesta er aleine om denne oppgava. Andre offentlege etatar og fagpersonar har også eit ansvar for at barn og familiar som treng det, kan få hjelp. Også privatpersonar har eit ansvar. Dette er ikkje eit juridisk ansvar, men det moralske ansvaret vi alle har for våre medmenneske - og særleg i forhold til barna.