Konfliktråd
Eit konfliktråd kan bli brukt både i straffesaker og i saker som ikkje er politimeldt. Gol soknar til Konfliktrådet i Buskerud.
Lokale meklarar
I Buskerud er det ca. 30 meklarar spreidd rundt om i heile fylket. Meklingsmøtet blir halde i ditt nærmiljø. Meklarane er ikkje dommarar.
Oppgåva til meklarane er å hjelpe partane slik at dei i felleskap kjem fram til ei avtale begge partar er tilfreds med. Mekling i konfliktråd kostar ingenting. I meir enn 90 % av sakene som går til mekling, blir det inngått avtale.
Meklarane er lekfolk som blir oppnemnt i verv for fire år om gongen. Dei gjennomgår obligatorisk grunnopplæring og deltek på meklarsamlingar.
Lovbrot
Konfliktrådet kan bli brukt både i straffesaker og i saker som ikkje er politimeldte. Den som har gjort seg skuldig i straffbare handlingar, kan ved bruk av konfliktrådet unngå politi- og domsreaksjonar.
Avtaler kan gå på at den sikta får "gjort opp for seg" via arbeidsavtaler, økonomiske oppgjer - eller forsoningsavtaler. Det er politijuristen som avgjer om ei sak er egna for konfliktrådet, men det er høve til for alle partar å be politiet om ei slik vurdering. Ved å gjera opp for seg via konfliktrådet slepp ein merknad på den ordinære politiattesten - noko som serleg er viktig for ungdom som skal vidare i utdanning og arbeid.
Sivile saker
Har du problem i høve til naboen, slektningar, butikksjefen, huseigaren ? Dersom forholda er slik at det blir vanskeleg å få til ei løysing på eiga hand, kan fonfliktrådet hjelpe partane.
Konfliktrådet i Gol - og i Buskerud.
Konfliktrådet for Gol er ein integrert del av konfliktrådet i Buskerud, og er eitt av landets 22 konfliktråd. Administrasjonen held til i Skogerbygget, Strømsø torg 9 i Drammen.
Konfiktrådet i Buskerud tilbyr mekling i alle kommunane i Buskerud og i Sande og Svelvik i Vestfold og i Jevnaker i Oppland.
Konfliktrådet i Buskerud har såleis same geografiske område som politidistriktet.