Søk tidleg om dispensasjon frå motorferdselforbodet i utmark og vassdrag
Skal saksbehandlinga i kommunen vere riktig og i samsvar med lov og forskrift må alle som ynskjer å få dispensasjon frå motorferdselforbodet i utmark og vassdrag søkje i god tid.
Dette gjeld spesielt alle som søkjer etter § 6 i nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøyer i utmark og på islagte vassdrag. Denne forskrifta slår fast at avgjersla ikkje kan bli delegert til administrasjonen, men skal avgjerast av eit folkevalt organ i kommunen. I Gol er det det utval for natur og næring (UNN) som avgjer slike saker.
§ 6 i nasjonal forskrift opnar for at kommunestyret, eller eit anna folkevalgt organ som kommunstyret bestemmer, etter skriftleg søknad gjev løyve til køyring utover §§ 2, 3 og 5 dersom søkjeren påviser eit særleg behov som ikkje knytter seg til turkøyring, og som ikkje kan dekkast på annan måte. Før eit eventuelt løyve vert gjeve skal transportbehovet vurderast mot moglege skader og ulemper i forhold til eit mål om å redusere motorferdselen til eit minimum.
Dei som søkjer om dispensasjon frå motorferdselforbodet må setje seg inn i kva for paragraf deira køyreformål kjem inn under. Vert ikkje formålet omfatta av §§ 2, 3 eller 5 i nasjonal forskrift skal saka opp til politisk behandling. Møtekalenderen til utval for natur og næring legg opp til ca eit møte kvar månad. Kommunen må ha søknad i hende minimum ca 3 veker før UNN har møte.
Søkar risikerar å få sin søknad avslegen dersom den ikkje kan verte handsama slik regelverket seier. Difor; ver ute i god tid!
Les meir om informasjon om motorferdsel i utmark og vasssdrag