Laurdagsopen symjehall
I tida februar - april er symjehallen i Gol samfunnshus også open på laurdagar kl. 11 - 15
Mange har i lengre tid uttrykt ønskje om laurdags open symjehall. Nå har Gol kommune gjort noko med dette! Under behandlinga av budsjettet for 2012 løyvde politikarane pengar til å utvide opningstida med 4 timar pr. veke i perioden oktober – april. Det betyr at f.o.m. 4. februar vil symjehallen på Gol samfunnshus vera open kvar laurdag frå kl. 11 til kl. 15.
Symjehallen på Gol er med sine 25 meter og 5 banar det største bassenget i Hallingdal. Hallen blei totalrenovert for eit par år sidan, med nytt ventilasjonsanlegg og oppussing av garderobar og badstover.
Medan opningstida for offentleg bading på tysdagar og torsdagar er delt mellom familie/barn og vaksne, vil alle ha tilgang til symjehallen samtidig på laurdagar. Bassenget vil imidlertid bli delt inn i ei «vaksensone» og ei «barnesone» slik at trening og leik kan skje parallelt.
Gol kommune håpar at riktig mange vil slutte opp om dette tilbodet, og ønskjer velkomen laurdag 4. februar.
Les meir om symjehallen her
Symjehall - prisar:
- Enkeltbill.: kr. 50/25
- Familiebillett: kr. 120 (2 vaksne/2 barn)
- Klyppekort - 6 klypp: kr. 250/125
- Klyppekort - 12 klypp: kr. 500/250
- Klyppekort - 25 klypp: kr. 900/450