Hovudopptak barnehage og SFO 2012/2013
I samband med overgang til nytt arkivsystem i kommunane i Hallingdal, må søknader til hovudopptak for barnehage og SFO 2012/2013 (gjeld plass frå august 2012) ikkje sendast inn via det elektroniske søknadsskjemaet før etter 1. februar. Dette vil ikkje få nokon innverknad på resultatet av opptaket, då ingen søknader som gjeld hovudopptaket vert handsama før etter at fristen 1. mars er gått ut.
Det elektroniske skjemaet gjeld i perioden 01.01.12-31.01.12 kun for søknad om plass for inneverande barnehageår (2011/2012).
Ved spørsmål, ta kontakt med barnehagefagleg ansvarleg i kommunen.