Våren er komme for fullt, og der snøen trekk seg attende kan det dukke opp søppel, skrot og anna som er skjemmande. Me oppfordrer difor til opprydning utanfor hus og i hagen.
Me er alle intresserte i at alle dei som besøker Gol får oppleve kommunen vår frå den beste sida. Difor må me alle gjere ein innsats. Avfallsmottaket i Klemmavegen er ope kvar onsdag frå 12-19, og kvar laurdag frå 10-13. Alt avfall inntil ein viss mengde er gratis å levere.
Me gjer samstundes merksam på at avfall ikkje skal brennast, men leverast til mottaket i Klemmavegen. Brenning av avfall i tettbygd strøk kan vere til stor plage for menneske med astma og det kan i tillegg føre til forureining.
Meir info om brenning av avfall finn du her.