Gudrun Bøthun fekk kulturprisen for 2009

Bilete av Gudrun Bøthun og Tore Dag SkjerdalGol kommune sin kulturpris for 2009 blei delt ut i kommunestyret 15. desember. Prisen blei overrekt av leiar i Utval for kultur og levekår, Tore Dag Skjerdal.

 

Tore Dag Skjerdal si overrekkingstale:

Kulturprisen frå Gol Kommune går i år til ho Gudrun Bøthun.
Ho har budd i Gol sia 1960 og har hatt sitt daglige virke i skuleverket på Gol. Ho er også utdanna som logoped.

Ho har vore aktiv i lærarlaget, vore vara til kommunestyret, leiar i Venstre, medlem av kulturutvalet, av overformynderiet.
Medlem av styret for Hallingdal folkehøgskule, er leiar i Fredlund Borettslag
Og så vidare.
Men det er ikkje dette ho får kulturprisen for.
Gudrun har vore aktiv i Gol Røde Kors, Gol Helselag, Gol Idrettslag, Gol museeumslag,
Er leiar i Gol Historielag, skrivar i Hallingdal historielag og har faste vakter i Gol bygdearkiv.

Ho har eit brennande engasjement for målsaka. Har vore leiar i Gol mållag og er no medlem av litteraturringen. Var aktiv i Buskerud mållag og har også vore i landsstyret der.
I 2005 fekk ho Buskerud Mållag sin målpris.

Gudrun er spesielt flink med prologar, jubileeumsskrifter, revytekstar og me ser ho også på andresida i Hallingdølen der ho har sine ytringar.

Gudrun er og blir ein kulturpersonlighet.
Me har mykje å takka ho for. Engasjementet, entusiasmen, glede av å vera med.
Me høyre etter når ho snakkar,
Me har sett ho som skodespelar og i sangkor.
På fritida driv ho med teikning og måling og likar all musikk.

Denne kulturprisen er ein heder for lang innsats og god innsats for mangfoldet i Gol.
Og vinnaren er fortsatt levande engasjert og aktiv i alt som rører seg av kultur her i Gol

Publisert
16.12.2009
Sist endra
02.01.2012

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Servicetorget
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Telefon 32 02 90 00